Johannes står over NM

Står over: Johannes Thingnes Bø står over NM-øvingane på Liatoppen denne helga.  Foto: NSSF

New Articles

Verdscupleiar Johannes Thingnes Bø stiller ikkje til start under NM på Liatoppen i helga. Det melder skiskyttarforbundet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

- Med sitt tynne grunnlag denne treningssesongen er han nøydd til å få nokre gode periodar med trening. Dette er einaste perioden dette er muleg. Han må ta ei roleg periode etter fire veker med hardkøyr i desember for å få trent så mykje og bra som muleg, står det i pressemeldinga.

- Eg skulle aller helst ha vore på NM og støtta opp om NM-arrangøren, men verdscupen totalt er såpass viktig at prioriteringa måtte bli slik denne gongen. Eg stiller sterkt på NM del 2, og der skal eg gå alle renn, seier Johannes Thingnes Bø.