Norgescup skiskyting:

Hjelmeset Kirkeeide på femteplass

Liatoppen: Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer fem på fellesstarten.  Foto: Nordfjord Team

New Articles

Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, vart nummer fem på gårsdagens fellesstart i norgescupen for junior.

Markaneløparen var med sine sju bom 1.16,9 bak vinnaren Håvard Mo frå Orkdal i klasse M19. Mo hadde berre eitt bomskot. Hjelmeset Kirkeeide var eit lite halvminutt unna pallplassering.

Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL/Stryn vgs, vart nummer 15 i klasse K17, og Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs vart nummer 10 i klasse M17. Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs tok 20. plassen og Magnus Midthjell Gjørven, Markane/Stryn vgs 21. plassen i klasse M18, ein klasse med over 60 deltakarar.

Nordfjord Team stiller med ein stor tropp på Liatoppen, og i dag står sprint på programmet for både gutar og jenter.Det er også NM-sprint for senior. Johannes Thingnes Bø har valt å stå over NM denne helga.