Stryn best i naboduellen

God kamp: Terese Vik Nygård og Stryn vann 24-18 over Gloppen onsdag kveld.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

New Articles

Stryn slo Gloppen 24-18 på bortebane i 3. divisjon handball for damer onsdag kveld. Pauseresultatet var 9-9.

Gloppen kom best i gang i oppgjeret i Trivselshagen, og 20 minutt ut i kampen leia heimelaget 8-4. Stryn sin toppscorar Ivana Kresic fekk frimerke alt i frå start, og Stryn sleit med å få angrepsspelet til å fungere.

Stryn kom betre med mot slutten av omgangen, og tre scoringar av venstreving Christine Tøsse Humborstad gjorde at det stod 9-9 ved halvtid.

Strynelaget tok kommandoen frå start i 2. omgang og opparbeidde seg etter kvart ei leiing på tre-fire mål. Mot slutten auka Stryn forspranget til sju mål, og då Anna Johannsdottir sette inn 23-16 seks minutt før slutt var sigeren definitivt sikra.

Christine Tøsse Humborstad vart Stryn sin toppscorar med sju mål. Terese Vik Nygård og Anna Johannsdottir sette inn fem mål kvar.

Stryn ligg no midt på tabellen med 10 poeng. Laget treng ikkje frykte nedrykk all den tid Gloppen framleis står utan poeng.