- Ein fantastisk følelse

Berre smil: Tarjei Bø er strålande fornøgd med VM-bronsen han tok på normaldistansen.  Foto: Ragnar Singsaas

New Articles

Det er "dagen derpå" for Tarjei Bø som i går tok bronse på normaldistansen i skiskyttar-VM i Östersund. Sjølv om han berre var fire tidel frå sølvet så er humøret strålande.

- Ein herleg følelse. Endeleg sat den! Det er godt med ein roleg dag i dag. Og så er eg veldig klar for å gje gass til helga igjen, seier Bø til Fjordingen. Då er det stafett laurdag og fellesstart søndag som står på VM-programmet.

I ettermiddag er det single mix-stafett. Der skal Johannes Thingnes Bø og Marte Olsbu Røiseland forsvare dei norske fargane.