NM i Orkdal:

Hardbagg IL-løpar hevda seg

Hevda seg 17 åringen Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim tok NM-bronse i skiskyting sprint i Orkdal laurdag  Foto: Privat

New Articles

17-åringen Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL og Stryn videregåande skule tok like godt bronsemedalje i Sprint under NM i skiskyting som går føre seg i Orkdal denne helga. 

Under fellesstarten i går fredag tok Gunn Kristi også ein respektabel 5. plass blant nærare 40 deltakarar i K17 klassa.

Ved inngangen til NM-helga var Tvinnereim rangert som nummer 2 i Norges Cupen.

Søndag er det stafett for Gunn Kristi som er i Orkdal saman med 25 andre løparar frå Sogn og Fjordane skiskyttarkris.