Stor snøskredfare i indre Nordfjord

NVE varslar at det er stor snøskredfare i Indre Fjordane torsdag. Faregrad 4 er nest høgaste faregrad, og det er venta naturleg utløyste skred.

Illustrasjonsfoto skredfare.  Foto: Sverre Leivdal

New Articles

På varsom.no, som er ei teneste levert av NVE, Statens vegvesen og Meteorologisk Institutt, vert det åtvara mot aukande skredfare som følgje av intens nedbør, rask temperaturstigning og kraftig vind. Det er venta mange naturleg utløyste skred natt til torsdag og torsdag føremiddag. Skredaktiviteten er venta å avta noko utover torsdagen, men det kan ta noko tid før mildveret trekkjer ned til dei vedvarande svake laga slik at skredfaren vil vedvare noko også etter at den mest intense nedbøren er over, skriv varsom.no.

Fredag er det meldt betydeleg snørskredfare, faregrad 3.

Skredproblema er knytta til våte flakskred og våte laussnøskred. Over mildversgrensa kan det også gå naturleg utløyste tørre flakskred. Mest utsett for dette er NV-N-Ø sektor, sktiv varsom.no.