Postlov-forslag krev omstilling i Avis-Norge

Illustrasjonsbilde. 

New Articles

Forslaget frå regjeringa om redusert postgang og tre faste dagar i veka med avisutdeling fram til juli 2023 er ikkje akkurat draumescenarioet for lokalavisene, men heller ikkje det verste som kunne skje.

– Når først vondt skal skje, så er ikkje denne løysinga den verste for lokalavisene, seier Tomas Bruvik, styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA) og redaktør i lokalavisa Kvinnheringen i Hordaland.

– Vi er absolutt ikkje einige i det valet som Posten gjer, men sånn alt i alt kunne det ha vore mykje verre for lokalavisene. For somme er dette eit godt alternativ, for andre mindre godt. Mange må endre utgivingsdagar og kanskje utgivingsfrekvens, seier Bruvik til Nynorsk pressekontor.

I forslaget til endringar i postlova som regjeringa la fram onsdag, vil dei innføre postombering 2,5 dagar i veka frå 1. juli 2020; måndag, onsdag og fredag den eine veka og tysdag og torsdag den neste. Dei avisene som dermed får problem med å få ut papiravisene sine til lesarane, vil regjeringa hjelpe med avisdistribujon der det ikkje er eigne avisbodnett, men berre på tre faste dagar i veka over ein treårsperiode: tysdag, torsdag og laurdag.

Rammar 173.000 abonnentar

Dei avisene som kjem ut oftare eller på andre dagar, må dermed leggje om og tilpasse seg. Ordninga kostar om lag 750 millionar kroner. Ifølgje lovproposisjonen rammar omlegginga 173.000 avisabonnentar i rundt 200 aviser.

Regjeringa vil i tillegg gi avisbransjen insentiv til å flytte lesarane sine over på digitale plattformer. Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) lover 10 millionar kroner ekstra over mediestøtteordninga til dette dei neste åra.

Lang veg til digitalisering

Men førebels er avisene avhengige av inntektene frå papiravisa og ser ikkje for seg at dei digitale alternativa skal gi grunnlag for lågare omdelingsfrekvens i nær framtid.

– Framleis er det mange som helst vil ha papiravisa, men dei bli litt færre kvart år. Det tar likevel lang tid før lesarane våre er digitaliserte. Det er eit relativt tungt arbeid, og det er enorme kulturforskjellar rundt omkring i landet i høve til kor langt ein har komme i den prosessen, seier Tomas Bruvik.

Bruvik er for tida i permisjon frå redaktørjobben i Kvinnheringen for gjennom LLA nettopp å hjelpe lokalavisene med sating på nett og digitale løysingar.

– Vi klarer ikkje å få snudd alle generasjonar på fire år, og eg reknar med at behovet for kompensasjonsordninga blir vurdert på nytt når den tid kjem.

– Skaper medieskuggar

Verre er det for dei avisene som kjem ut oftare enn tre dagar i veka. Ifølgje Mediebedriftenes Landsforbund (MBL) vil forslaget føre til at 200.000 dagsavislesarar frå neste sommar ikkje lenger får avisa si kvar dag.

– Dette er eit alvorleg angrep på lokale, regionale og nasjonale mediehus, seier administrande direktør Randi S. Øgrey i Mediebedriftenes Landsforening.

– For to veker sidan la regjeringa fram ein mediepolitisk plan for å motverke medieskuggar. No kjem altså ein plan som skaper nettopp medieskuggar i delar av landet. Her har regjeringa undervurdert konsekvensane for avisene, seier Øgrey i ei pressemelding.

– Dramatisk

Riksavisa Nationen er blant dei som blir ramma hardt av dei foreslåtte endingane. Avisa distribuerer i dag om lag ein tredel av opplaget via Posten på vekedagane, mens distribusjonsselskapet Easy2go i Ålesund står for distibusjonen på laurdagane. Rundt 5.000 Nationen-lesarar må frå neste år enten finne seg i å få gårsdagsavisa saman med den aktuelle utgåva tre gonger i veka eller gløyme papiret og lese nettutgåva i staden.

– For Nationen er dette dramatisk. Verdiløftet vårt til lesarane og heile forretningsmodellen vår er basert på at vi skal komme ut over heile landet, seier sjefredaktør Irene Halvorsen i Nationen til Klassekampen.

At det skulle vere lite samfunnsøkonomisk gunstig å la fellesskapet betale for å få alle aviser ut til lesarane i distrikta, er ho ikkje einig i.

– I eit medie- og demokratibyggjande perspektiv er det heilt avgjerande at det journalistiske innhaldet kjem fram til lesarane. Framleis er det mange nordmenn som føretrekkjer sterkt å lese avisa på pair, seier Halvorsen.

(©NPK)