Inviterer alle til Bø-fest

Stryn: Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø blir heidra i Stryn kulturhus onsdag. Kommunen inviterer alle til å bli med på markeringa.  Foto: Anne-Mari Aalberg (arkiv)

New Articles

Onsdag blir det invitert til storstilt markering for skiskyttarbrødrene Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø i Stryn kulturhus.

Brødrene kan sjå tilbake på ein god sesong, der Johannes vann verdscupen i suveren stil og der begge sanka fleire VM-medaljar.

- Vi ønskjer å gi noko tilbake for dei fantastiske opplevingane denne sesongen. Vi meiner vi må gi dei honnør for innsatsen og den fantastiske marknadsføringa dei gjer i høve skiskyting og framtidig rekruttering, men også for heimkommunen, seier ordførar Sven Flo.

Arrangementet er ope for alle og er eit samarbeid mellom Markane IL og kommunen. Det blir lagt opp til ulik aktivitet i kinosalen med litt heider og utdeling av gåver, talar, musikalske innslag og servering.