Stryn-Eid i kveld:

- Vi er klare for revansje

Lokalderby: Kaptein Emil Allesøe og Stryn ønskjer å revansjere fjorårets 16. mai-tap når Eid kjem til Stryn stadion i kveld.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Stryn møter Eid til tradisjonelt 16. mai-oppgjer i kveld, denne gong er det Stryn som er vertskap.

Etter nitriste 0-5 mot Førde sist helg var det ikkje mykje som likna på opprykkstakter, og no er revansjelysta stor blant strynespelarane. Med heile 10 baklengs på dei tre første kampane, fire mot Tornado Måløy i seriepremieren, eitt mot Studentspretten og fem mot Førde, er det på tide å tette att framfor eige mål.

- Vi må ta det defensive først, seier ein kampklar strynekaptein, Emil Allesøe, til Fjordingen. Allesøe måtte stå over mot Førde, men er klar til kamp mot serieleiaren. Han håpar på mykje folk på tribuna:

- Det hadde vore veldig kjekt å få til ei god ramme rundt kampen. Og så må vi prøve å jekke ned eidarane litt, smiler Allesøe.

- Vegard Sæten Hopland er ute med kort (utvist mot Førde, journ. anm.), elles er alle klare. Vi er klare for å revansjere 16. mai-tapet i fjor. Styrkeforholdet mellom oss er vel om lag som i fjor, fordelen er at vi spelar heime, seier trenar Geir Inge Rake.

16. mai-kampen på Eid i fjor enda med 4-1 siger til heimelaget.