Klatreparken i Hydla:

Satsar på opning i juni

I rute: Klatreparken i Hydla skal opnast i juni.  Foto: Benny Hammer

I tilknytning til klatreparken blir det også lagt stiar og trapper.  Foto: Benny Hammer

Mykje arbeid blir gjort på dugnad.  Foto: Benny Hammer

New Articles

Den nye klatreparken i Hydla i Stryn med investeringar på om lag 20 millionar kroner er klar til bruk om ein liten månad.

- Arbeidet går etter planen, og alt er i rute, seier Rasmus Endre Bø.

- Vi satsar på opning når skuleferien tek til, fortel Bø. Han er ein av fleire som skal stå for drifta av klatreparken som er levert av verksemda Høyt & Lavt.

- I alt blir det sett opp sju klatreløyper med ulik vanskegrad. Her blir også eit 15 meter høgt klatretårn og 11 ziplines. Det blir i tillegg lagt stiar og trapper, seier Bø.

Bø seier at det også er fleire ting under planlegging:

- Vi håpar å få laga til ei pumptrack-bane (sykkelbane), ein leikeplass for dei minste og ein gapahuk.

Otto Vik er pådrivar for prosjektet, og tre vennepar skal drifte Hydlaparken. Det er også tilsett 10 personar som skal jobbe i klatreparken i sommar.