12 personar er sende til sjukehus etter kollisjonen mellom ein buss og ein hjullastar som dreiv kantslått på rv 15 i ettermiddag.
Det opplyser Helse Førde overfor Fjordingen.
Den eine av dei 12 er sendt med luftambulanse.
- Eg kan stadfeste at 12 personar er sende til tre ulike sjukehus som følgje av ulukka, høvesvis Førde, Eid og Volda sjukehus. Ingen av personane skal vere kritisk skadde, fortel Terje Ulvedal i Helse Førde.
Politiet fekk melding om ulukka kl 15.52. Ein buss som køyrde retning Stryn og med ca 20 kinesiske passasjerar kolliderte
med ein hjullastar som dreiv med kantslått.
Politi og ambulanse har rykt ut til ulukka. Føraren av hjullastaren blir behandla av ambulansepersonell på staden opplyser politiet. Foto: Thomas Thaule
Passasjerane i bussen, omlag 20 kinesiske turistar, vart frakta med ein annan buss til legevakt i Stryn. Foto: Tipsar
Seinare kom opplysninga om at 12 av dei involverte i ulukka vart sende til sjukehus.