Motorsykkelulukke på Strynefjellet

New Articles

I går ettermiddag mista ein motorsyklist kontrollen under ei forbikøyring på rv 15 over Strynefjellet og køyrde deretter ut av vegen. Det skriv NRK.

Politiet melde at føraren vart frakta til sjukehus i Trondheim med luftambulanse.

Vegen var i ein periode heilt stengt ved Billingsdalen mellom Bismo og Grotli i Oppland etter ulukka.

Dagen før (onsdag) vart to personar kritisk skadde i ein frontkollisjon litt lenger aust. Åtte personar blei skadde i den ulukka.