Midtsommarrock:

Publikum svikta

- Eg er skuffa over oppmøtet, seier arrangøren

Publikumssvikt "Drusar" har kome frå Førde for å rocke Stryn..   Foto: Adrian Lefdal

New Articles

Midtsommarrock, som arrangerast for tredje gong i år, har tidlegare hatt mellom 600-700 publikummarar. Seint laurdag kveld er det berre rundt 80 personar som får med seg konsertane.

Adrian Lefdal ved Stryn Vertshus, som står åleine for konsertarrangementet i år, er svært skuffa over oppmøtet. I skrivande stund spelar Drusar frå Førde føre ein nesten tom Per Bolstad plass.

- Veldig trist at ikkje fleire møter opp. Banda som har vore på scena så langt har levert veldig gode konsertar. Black Ice står att til slutt, så eg håpar det kjem fleire, seier han.

Glissent Lefdal melder om 80 publikummarar. Håpet på førehand var 700.  Foto: Privat

Han vedkjenner at veret ikkje er det beste laurdag, men han meiner fleire burde støtte opp om eit slikt arrangement i Stryn.

- Eg meiner vi har gjort alt rett når det gjelder arrangementet. Det er litt trist, for banda leverar som om det skulle vore 1000 publikummarar her, seier Lefdal.