Junior-NM i friidrett:

Kule-gull til Steffen

Steffen Melheim reiser frå junior-NM i friidrett med ein sølvmedalje i diskos og ein gullmedalje i kule.  Foto: Jørund Årdal (arkiv)

New Articles

Steffen Melheim frå Olden tok gull i kule under junior-NM friidrett i Sigdal søndag. Dermed følgde 16-åringen opp gårsdagens sølv i diskos.

Med dagens gullmedalje kopierte han også broren Mathias som tok gull på Bislet stadion i fjor.

Ifølgje rapportane vart det ein særs spennande kule-konkurranse, men Melheim drog det lengste strået då han fekk opp eit støyt på 15,37 meter, noko ingen av konkurrentane greidde å matche.

Støytet er det tredje beste resultatet av ein norsk 16-åring med seks kg-kule nokon gong.

Les også: Strålande Olden Games i friidrett (abonnent).