Bolstadsuksess med Svendsrud’s trio og Fjelljom

Vakkert: Svendrud's trio trollbatt både lokalt publikum og nokre få turistar på Hjelle Hotell.  Foto: Inge Fænn

Samspel: Fjelljom og Svendsrud's tro i samspel på Nasjonalparksenteret.  Foto: Inge Fænn

New Articles

Vergudane skipla programmet, men dei greidde ikkje å øydelegge «Bolstadtur gjennom Strynebygda» torsdag kveld.

Kring hundre som møtte fram til konsert og busstur med veteranbussar fekk ein fantastisk kveld. Det starta under tak på Isehaug medan regnet plaska på Per Bolstad plass.

Stopp undervegs var umogeleg, men minikonserten på Hjelle Hotell, og den store konserten på Nasjonalparksenteret, vart ei fin oppleving.

Slåttane med namn frå stadar og på personar i bygda er velkjende, men komponisten Per Bolstad er noko mykje meir.

Torsdag kveld fekk vi smakbitar av den internasjonale Per Bolstad frå italiensk inspirert serenade til valsetakt frå Wien. Dette vil vi ha meir av.

Les meir om programmet i neste papiravis.