Landbrukseigedommar utgjer størsteparten av Norge

Ein av fjorten innbyggarar i Norge bur på ein landbrukseigedom. Samstundes utgjer arealet som tilhøyrer desse eigedommane tre fjerdedelar av det norske fastlandet.

Nesten halve jordbruksarealet i Norge var i 2018 leigejord, viser tal frå SSB.  Foto: Alvik, Halvard / NTB scanpix / NPK

New Articles

Landbrukseigedommar med bygningar og areal er grunnlaget for eit aktivt jord- og skogbruk. I 2018 vart det registrert 182.300 landbrukseigedommar med eit samla areal på omtrent 249 millionar dekar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).