Allsvenskan:

Mats Solheim kan bli seriemeister

Laurdag går siste serierunde i Allsvenskan i fotball. Midt opp i ein spennande kamp om seriemeisterskapet står ein kar frå Loen.

Mats Solheim, Hammarby, Allsvenskan  Foto: hammarbyfotboll.se

New Articles

Før siste runde ligg nemleg Mats Solheim og klubben hans Hammarby på 3. plass, a poeng med Malmö og tre poeng bak byrival Djurgården.

Med tap for Djurgården i ein vanskeleg bortekamp mot Norrköping, og siger til Hammarby heime mot Häcken, kan Solheim og co snike seg føre på betre målforskjell om også resultatet i Malmö bikkar dei grøne og kvite sin veg.

– Fullt «øs» her, det blir ein thriller. Vi går fortsatt for gull, men vi er jo avhengige av hjelp for å gå forbi Djurgården, i tillegg til at Malmö på 2. plass har eitt plussmål meir enn oss. Men gjer vi jobben sjølve kan alt hende. Djurgården har ein veldig tøff bortekamp, ingen «sikker B» der, seier Mats Solheim til Fjordingen før det heile skal avgjerast.

Heimekampen til Hammarby i Tele 2 Arena har vore utseld i lang tid, noko som betyr nesten 30.000 på tribuna.

Kampen om «guldet»: Hammarby-Häcken, Norrköping-Djurgården, Örebro-Malmö.