Juletradisjonane som forsvann

Fleire av juletradisjonane våre er gamle og seigliva, medan andre har forsvunne ut av tida. Kva skal eigentleg til for at vi held fast ved ein tradisjon?

Adventstida er i forandring. Forskar Ida Tolgensbakk meiner den tradisjonelle adventspynten er iferd med å forsvinne til fordel for full julepynting heile desember.  Foto: Gorm Kallestad

New Articles

– Vi beheld berre tradisjonane dersom dei er meiningsfulle for oss, men kva som gjer ein tradisjon meiningsfull er vanskeleg å sette ord på, fortel forskar Ida Tolgensbakk ved Oslomet.