Sjumeter berga strynepoeng

Gav kamp om poenga: Stryn møtte uventa hard motstand frå botnlaget Jotun i bortekampen i Årdalshallen. Her ser vi June Roksvåg Leirgulen i ein tidlegare heimekamp mot grøntrøyene.   Foto: Sigrid Heggestad

New Articles

Stryn sine handballdamer vitja laurdag botnlaget Jotun i fjerdedivisjon. Stryn låg på fjerdeplass før kampen i Sogn, men hadde berre fem kampar spelt. Mange av dei andre laga har vore gjennom både tre og fire kampar meir. Motstandar Jotun stod med ti kampar der ni var med tap.

Det vart likevel ein jamn første omgang der stillinga var 9-9 til pause. Også etter kvilen i Årdalshallen heldt dei raude og grøne følgje med kvarandre. Scoring for det eine laget vart heile vegen kvittert med utlikning frå det andre.

Eitt minutt før slutt var stillinga 20-20. Dette vart også det mest dramatiske minuttet i kampen. Jotun scora då omlag halvminuttet stod att, og i Stryn si jakt etter utlikning få sekund seinare vart Terese Vik Nygård hardt takla og måtte halte av bana. Frikastet førte etter kvart til nytt angrep og her vart endå ein strynespelar felt, denne gong med utvisning og sjumeter som resultat. Tida var i praksis ute, og med scoring av Stryn vart det 21-21 og poengdeling i Årdal.