Ungdoms-OL i Lausanne:

Bidrog til femteplass på stafetten

God etappe: Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim med flott etappe for Norge på mix-stafetten, som enda på 5. plass blant dei 25 laga. Italia vann. 

New Articles

Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim var på det norske laget som gjekk inn til femteplass i mix-stafetten i ungdoms-OL i Lausanne onsdag. Men det såg lenge ut som Tvinnereim skulle få med seg ein bronsemedalje tilbake til Randabygda.

Norge, med Gro N. Randby på førsteetappe, veksla som nummer tre bak Russland og Bulgaria. Tvinnereim hadde 12 og 8 sekund å hente inn på dei to laga. Hardbagg-løparen tapte ytterlegare sekundar til teten, der Italia overtok andreplassen bak Russland, men klarte seg med tre ekstraskot på dei to skytingane og forsvarte plasseringa på sin etappe. Tvinnereim hadde 5. beste etappetid og veksla omlag 50 sekund bak Russland og Italia.

Stian Fedreheim og Vegard Thon gjekk dei to siste etappane for Norge. Også Fedreheim gjekk godt og kunne sende ut ankermann Thon på framleis bronseplass, 1.25 minutt bak Russland og eitt minutt bak Italia. Bronsevinnaren frå sprinten såg ut til å ha full kontroll på bronsemedaljen fram til siste skyting. Der var det gjerne nervane som slo inn. Thon måtte ut i to strafferundar medan løparane frå Frankrike og Tjekkia presterte godt på standplass og passerte Norge.

På dette tidspunkt hadde også Italia overteke leiinga frå Russland og i mål viste lista gull til Italia, sølv til Russland og bronse til Frankrike. Norge på femteplass kom inn 2.25 minutt bak vinnaren.

Dette var den siste øvinga for skiskyttarane, og Tvinnereim kan sjå tilbake på eit godt gjennomført OL. 7. plass og 19. plass individuelt, og med 10. plass på singel mix-stafett. Saman med Stian Fedreheim var ho den einaste i skiskyttartroppen som fekk gå samtlege fire konkurransar.