- Svært god deltaking på Ullsheim

Det har vore arrangert både KM og krinsrenn på Ullsheim denne helga

På heimebane: 14-åringen Katrine Svarstad Heggdal tok andreplassen for Markane IL under KM i skiskyting på Ullsheim laurdag   Foto: Roger Oldeide

New Articles

Laurdag var det KM i skiskyting på Ullsheim der heile 10 klubbar deltok. Søndag var det krinsrenn og deltakinga har ikkje svikta.

- Det har vore veldig god deltaking med over 80 deltakarar laurdag og like mange søndag. I dag hadde vi i tillegg svært gode skiforhold, så vi er svært godt nøgd med arrangementa, seier rennleiar Monica Valvik Halsteinslid til Fjordingen.

For Markane IL: Her er det 10-åringen Maria Hammer som går ut fra start.   Foto: Roger Oldeide

I tillegg til Markane IL som arrangør, var det deltakarar frå klubbane Stårheim IL, Vik IL, Volda Turn og IL, Hardbagg IL, Tretten IL, Fossum IL, Sunnylven IL, Førde IL og Eid IL.

Meir om skiarrangementet på Ullsheim med resultat i tysdagsavisa