Ikkje enkelt å kome seg på hytta:

- Ikkje lett å kome seg over brøytekanten!

Det måtte leitast ei stund for å finne høveleg plass å kome seg over brøytekanten på så vi kunne kome oss til hytta! seier Benthe Kjøs.   Foto: Privat

New Articles

Slik såg det ut då Benthe og Inge Kjøs skulle på hytta på Grotli 21. mai.

- Vi gå litt før vi fann ein plass der vi kunne kome oss over brøytekanten så vi kom oss til hytta, seier Benthe Kjøs.

- Kor mykje snø er det der no?

- Det varierer veldig i hyttefeltet. Akkurat rundt hytta vår og i det området er det ca 2-2,5 m, ved enkelte hytter er det nok opptil 3 m, har eg høyrt.

Ski vert eit høveleg framkomstmiddel for Inge og Benthe Kjøs enno ei stund, det tek si tid før dei kan køyre bil til hytta på Grotli!   Foto: Privat

Brøytekantane langs Gamle Strynefjellsveg varierer også i høgd.

- Enkelte plassar er det sikkert avblåst, men der det er skavlar er det atskillig høgare. Hos oss ligger det på mellom 2 og 4 meter, men vi måtte altså gå litt for å finne ein plass der vi kunne komme oss over kanten. Så eg trur det blir ei stund før vi kan køyre ned til hytta vår!

Benthe og Inge Kjøs har vore på hytta omlag ein gong i månaden og måka veranda, inngang og tak.

- Det var mykje meir snø tidlegare i vinter, etter uveret, fortel Benthe Kjøs.