Polaris Media blir hovudeigar av Sunnhordland

Polaris Media har kjøpt 51 prosent av aksjane i Bladet Sunnhordland og blir dermed hovudeigar i selskapet.
New Articles

Bladet Sunnhordland AS (mediehuset Sunnhordland med dotterselskap) har ei lang historie som eit familiedrive selskap, og dei tidlegare eigarane vil framleis ha 49 prosent av aksjane og vere sterkt delaktige i drifta, heiter det i ei pressemelding frå Polaris Media som og eig Fjordingen.

Mediehuset Sunnhordland eig og gir ut avisene Sunnhordland og Bømlo-Nytt, som dekkjer Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes og Kvinnherad. Mediehusa har eit samla opplag på rundt 10.000.

Selskapet driv òg trykkjeri og distribusjonsselskap, og har mindre eigardelar i fleire lokalaviser i området.

Etter kjøpet av Sunnhordland vil Polaris Media vere majoritetseigar i 50 mediehus, 39 i Norge og 11 i Sverige.