25 pasientar og tilsette må testast og i karantene

Nordfjord sjukehus, der ein svensk vikarlege testa positivt for Covid-19.   Foto: Bengt Flaten

New Articles

Helse Førde har sidan fredag kartlagt pasientar og tilsette ved Nordfjord sjukehus som har hatt nærkontakt med legen som har fått påvist covid-19, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

Resultatet av smittesporinga er at 25 pasientar og tilsette har hatt nær kontakt med legen. Tiltaka for desse er karantene og testing. Resultat av testar kjem måndag og tysdag.

- Ingen av dei som har hatt nærkontakt med den smitta legen, har så langt vist symptom på å vere sjuke, opplyser direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Åtte polikliniske pasientar har vore i nær kontakt. I tillegg kjem sju inneliggande pasientar. Seks av desse er isolerte på einerom ved Nordfjord sjukehus. Den sjuande var overført til Førde sentralsjukehus før det blei kjent at legen var smitta, og er isolert der.

10 tilsette er sette i karantene. Dei skal vere i karantene i ti dagar.

Det var 26. juni ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus testa positivt på covid-19. Pasientar som treng innlegging, blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus.