Vedtok utbyte mot energisjefen si tilråding

Administrasjonen i Energiselskapet Stryn rådde ifrå utbyte for 2019, medan styret meinte at eigaren, Stryn kommune, skulle få 750.000 kr. Generalforsamlinga handsama saka torsdag

Orienterte Konsernsjef i Energiselskapet Stryn AS, Nils Are Karstad Lysø under generalforsamlinga torsdag. Han tilrådde ikkje utbyte  Foto: Roger Oldeide

New Articles

I vinter vart Stryn Energi gjort om til konsern etter krav frå myndigheitene om selskapsmessig skilje mellom nett og øvrig verksemd. Morselskapet heiter Energiselskapet Stryn AS, og under morselskapet finn ein dei tre dotterselskapa Stryn Energi, som mellom anna tek hand om straumsalet, Brenett AS, som skal drifte straumnettet, og Tinggata 3 AS, som er eigedomsselskapet.