Per Hatledal vitja Sport und Spas:

Jobba meir dugnad enn betalt ein periode

Per Hatledal er eldsjel med stor E. Så stor at det heldt på å gå utover levebrødet på eit tidspunkt.

Per Hatledal har drive i entreprenørbransjen i mange år. Han la ned fleire årsverk åleine då skianlegget Ullsheim vart bygd opp. på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet.   Foto: Thomas Thaule

New Articles

Markane har alltid vore klubben i Hatledal sitt hjerte, både som utøvar, trenar og i dugnadsarbeidet. På slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet la entreprenøren ned enorme timetal for å byggje opp skianlegget Ullsheim.

Så mykje tid brukte han at det gjekk ut over jobben og økonomien.

- Eg kunne ikkje ta ut full løn ein periode, seier Hatledal og ristar lett på hovudet.

I Sport und Spas fortel Hatledal også om si eiga satsing som langrennsløpar, i ei tid der løypene i stor grad vart gått opp for eiga maskin på bøane. Også forfattaren og folkloristen Thor Gotaas bidreg i sendinga med sine tankar kring langrennssporten før og no.