To smitta og 18 i karantene i Stryn

  Foto: Sigrid Heggestad

New Articles

Stryn kommune melder fredag ettermiddag om at to personar i kommunen er koronasmitta. 18 personar er sett i karantene.

Mange personar i Nordfjord har no fått påvist smitte med covid-19 kopla til kontakt med ein person som har vore på reise til Bergen. Alle personar med påvist smitte er i isolasjon og alle nærkontaktar er sett i karantene, og vert følgde opp med testing.

Dei smitta er heimehøyrande i Stryn, Volda, Gloppen, Kinn, Bremanger og Bergen kommune, skriv kommunen på si heimeside.

Smittetilfelle 17. og 19.november
Tysdag 17.11 fekk vi i Stryn stadfesta at ein person har påvist Covid-19 etter kontakt med ein av dei smitta i Stad. Dette på trass av at kontakten var på over 2 m avstand. Torsdag fekk ein av nærkontaktane til den smitta i Stryn påvist Covid-19. I etterkant av smitten i Stad har vi no 18 personar i karantene i Stryn kommune.

Jobbar med smittesporing
Dei siste dagane har smittesporingsteamet i kommunen jobba aktivt med smittesporing kring tilfelle av smitte med covid-19 i Stryn. Dette er svært krevjande arbeid, men vi takkar for den gode samarbeidsviljen til dei vi kontaktar. Dei siste dagane har vi fått stadfesta at smitten kan treffe oss alle, sjølv om vi følgjer tilrådde smitteverntiltak.

Konsekvensane blir derimot mykje mindre om vi gjer det som er anbefalt.

Ikkje grunnlag for lokale tiltak
Kommunen har til no ikkje funne grunnlag for lokale tiltak utover nasjonale smitteverntiltak og retningslinjer. Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar kan difor halde fram som før. Dette kan derimot endre seg raskt om situasjonen tilseier det. Kommunen vil kome med ny informasjon ved vidare utvikling i saka etter kvart som smittesporingsarbeid og testing held fram.