Frå fjæresteinane til Bergsetnakken i rekordfart

Isak Bergset er flittig gjest på Bergsetnakken når han er heime på Fjelli. Men langt ifrå alltid i rekordtempo. Han likar også å kose seg på tur, som her saman med kjærasten ved eit tidlegare høve.  Foto: Privat

New Articles

Det finst mange motbakkeløp å bryne seg på, men i tillegg til dei meir formelle tevlingane er det eit rikt utval av motbakke-bragder som aldri dukkar opp på dei offisielle resultatlistene. Ei av dei fann stad denne veka, då Isak Bergset (28) tok seg frå Bergsetnausta til toppen av Bergsetnakken i rekordfart. I alle fall kjenner ikkje vi til nokon som har forsert denne "motbakken" raskare.