Sentrale: Sentrale skikkelsar i musikalen og historia, Eivind Kandal som Wald P. Skaaden, Håkon Bøen t.h. som den vaksne Arve Haugen. Magnus N. Haugen (framme) spelar Arve Haugen som barn. Han er barnebarnet til den "ekte" Arve Haugen. Foto: Gunnhild Sindre
Jubel: Jubel og glede i gode dagar for Ella, Wald og dei andre i industrieventyret i Innvik. Og stor jubel vart det også for forestillinga, med ståande og langvarig applaus. Foto: Gunnhild Sindre
Fyr og flamme: Fyrbøtar Ole Morten Vik er ein energibunt i forestillinga og kallar fram latteren fleire gongar. Foto: Gunnhild Sindre
Dramatikk: Historia om industrieventyret i Innvik byr på både glede og sorg, jubel og dramatikk, som her frå brannen i den store trebygningen. Foto: Gunnhild Sindre

«Ull innerst i sjela» er ein historisk basert musikal der du blir kjent med industrieventyret i Innvik, historia til Innvik Ullvarefabrikk frå oppstarten i 1890 og fram til det vart bygd ny fabrikk på 70-talet.

Teksten er skriven av Torstein Tvinnereim, som også er produsent. Musikken er skriven av Jon Are Steen, som også er arrangør og musikalsk leiar. Koreograf er Candice Bredesen. Regien er denne gongen ved Anders Alvaro Gjengedal Nydal, men aktørane sender i programmet også ei helsing til den første regissøren, Arild Bøe, som gjekk bort rett etter oppsetjinga hausten 2021.

Flotte stemmer, fargerike og truverdige karakterar, velkomponert og vel framført musikk og gode tekstar, flotte ensemblenummer og ei rekkje imponerande solistar gjer dette til ei stor forestilling.

Det er farleg å byrje å nemne enkelte aktørar i ein slik samanheng, men Eivind Kandal som Wald Skaaden og Sølvi H. Nygård som Ella gjer stort inntrykk. Det same gjer Josefine Agathe Hove som spinneritausa Jensine. Ho gjer ei imponerande tidsreise på 60 år i sin karakterfigur.

Og så er det alle dei andre, som i fellesskap eller i fine karakterroller imponerer med song, dans og godt skodespel. Djupt gripande, til ettertanke eller med glimt i auget og sving i stega. Musikalen nyt godt av å ha eit svært friskt og ungdommeleg lag som boblar av talent.

Til nypremiera fredag måtte diverre Anne-Marta Vinsrygg Vadstein melde sjukdomsforfall, men til alt hell har ho ei storesyster, Bjørg Jorunn, som også er med i musikalen, og som utan å blunke steppa inn som superreserve og gjorde ein imponerande innsats.

«Ull innerst i sjela» er eit fantastisk stykke industrihistorie der musikk, tekst og scenebilete saman dannar ein fargerikt vev.

To tidsperiodar flyt over i kvarandre, menneskeskjebner blir vevne saman og alt skjer innanfor dei same veggane der det heile starta og pågjekk.

På veg ut i sommarkvelden var det uråd å ikkje kaste eit blikk på dei store maskinene langs veggane og sjå om dei stod der, spinneritausene. Og om dei er borte no, så lever historia deira vidare gjennom ein musikal som lever opp til namnet: Han festar seg i sjela.

Spinneritauser: Andrea Vinsrygg Steen som Oline, Josefine Agathe Hove som Jensine, begge strålande i sine roller. Foto: Gunnhild Sindre
Spring trappene!: Fengande og flott fellesnummer med fantastisk koreografi. Foto: Gunnhild Sindre
Sterkt lag: Eivind Kandal står som ei klippe som Wald Skaaden. I bakgrunnen komponist og kapellmeister Jon Are Steen t.v. Med seg i det svært solide bandet har han Stine Storevik, Otto Ose (skjult) og Hans Magnus Nedreberg. Foto: Gunnhild Sindre
Industrieventyret: Eivind Kandal som Wald P. Skaaden, Sølvi Håøy Nygård som kona Ella og Bernt Ragnvald Veddegjerde som Andreas Svarstad byr på flott samspel. Foto: Gunnhild Sindre
Ikkje lett: Iver Bjørlo (framme) har det ikkje lett som bondesonen som går på friing til ei spinneritaus. Foto: Gunnhild Sindre
Gripande: Fleire måtte opp i augekroken under den gripande scena med Brite, som hadde mist alle sine i Lodalsulukka, og som tok til seg systersonen Arve. Bjørg Jorunn Vinsrygg gjorde ein dyktig jobb som stand in i rolla på premiera. Foto: Gunnhild Sindre
Rørande: Ketil Finsås Hansen rører i rolla som den klumsete og litt einfaldige Peder. Foto: Gunnhild Sindre
Elektrisitet: Magne Maurset har sett lyset, bokstaveleg talt. Foto: Gunnhild Sindre
Sterkt representert: Familiane Vinsrygg Steen og Vinsrygg Vadstein er sterkt og flott representert i musikalen. Frå venstre Andreas Vinsrygg Vadstein, Johannes Vinsrygg Vadstein, Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen, Jon Are Steen (komponist, arrangør og kapellmeister), Andrea Vinsrygg Steen, Sindre Vinsrygg Steen og Håvard Vinsrygg Steen. Solist Anne-Marta Vinsrygg Vadstein måtte melde sjukdomsforfall, men då steppa storesyster Bjørg Jorunn inn og gjorde ein glimrande jobb som superreserve. Foto: Gunnhild Sindre