Skal vi framleis ha levande bygder i alle deler av kommunen vår, er det nokre faktorar som tel meir enn andre. Bustader, arbeidsplassar, veg og lovfesta kommunale tenester er sjølvsagde. Skule, barnehage, kyrkje, forsamlingshus og andre sosiale møteplassar er og med og skaper eit bygdesamfunn. Ein annan faktor er nærbutikken – der den framleis har klart seg.

På vår valkampturne med fylkestoppane i KrF var vi innom Coop Fjelli, som er den einaste butikken mellom Stryn sentrum og Nordfjordeid sentrum. Det er imponerande å sjå korleis dei tek ansvar for å vere eit positivt og levande møtepunkt for folk i alle aldrar, i tillegg til å vere ein moderne matbutikk. Lite varevolum gjev dyrare innkjøp, og dermed høgare prisar for forbrukarane, likevel opplever dei stor grad av lojalitet frå bygdefolket. Også i fleire av bygdene i kommunen er det tilsvarande nærbutikkar som tek eit ekstra samfunnsansvar som sosiale møtepunkt.

Ein periode hadde nokre av desse butikkane status som Kommunale servicepunkt, som kommunen kunne bruke for å nå ut med informasjon, med tilgjengeleg PC der ein får hjelp og rettleiing. Ei årleg støtte tildette frå kommunen var og meint å skulle omfatte heimkøyring av varer til dei som treng det. Eit godt og nyttig tilbod til ein del innbyggjarar, og eit ekstra bein å stå på for nærbutikken.

Under besøket vart vi gjort merksame på at den årlege støtta på 50.000 kr for å vere Kommunalt servicepunkt, har uteblitt dei siste åra. Her har vi politikarar forsømt oss og ikkje oppdaga at det har falle ut av budsjettet. KrF vil ta initiativ til å få denne støtta på plass igjen. Marginane er små, og den kommunale støtta betyr ein skilnad for drifta. KrF vil ha levande bygder – difor vil vi bidra til at nærbutikkane har ei framtid.

Kari Synnøve Muri

1. kandidat, Stryn KrF