Når eg les kva som blir uttalt frå ulike ordførar og varaordførarar frå Nordfjord, vert eg ikkje overtydd om at det er vilje til å gjere tiltak som skal gje mindre miljøavtrykk og betre toleevne.

Djupvik frå Kinn ynskjer i ikkje å regulere kven som skal få reise frå Måløy til Briksdalen i buss, då dette står på «bucketlista» til turistane.

Vel.. Om vi ikkje klarer å regulere dette INNAD i Nordfjord Havn systemet. Korleis forventar vi då at vi skal klare å drive destinasjonsleiing med hamner som ligg utanfor Nordfjord Havn?

Gloppen melder seg på for å vere med å avhjelpe. Framleis er vi i Nordfjord Havn systemet. Klarer vi å drive destinasjonsleiing her, slik at turistane ikkje blir køyrt i buss til Loen og Olden?

Ordførar Reksnes i Stad kommune er redd cruiseturismen blir problematisert for mykje. Det er fordi det er problematisk Reksnes. Det er problematisk når ein aukar frå knappe 200.000 cruiseturistar til nærmare 600.000 i løpet av fire år. Problematisk i eit miljøperspektiv. Problematisk i forhold til lokalmiljø. Problematisk i forhold til anna turisme. Problematisk i forhold til infrastruktur. Problematisk i forhold til ein del anna næring.

Kjøllesdal meiner at næringa må få tid å utvikle seg og bli miljøvenleg nok. Det kan dei få. Litt tid. Men det skadar ikkje å jage på litt -og ikkje minst så er det lov å seie at per no er ikkje næringa miljøvenleg nok til at vi ynskjer å ha eit uavgrensa tal båtar og turistar i Nordfjord.

Vi treng tid på å bygge opp cruisenæringa og vi treng mot til å seie at vi ikkje er villige til å ta inn uavgrensa tal båtar og turistar. Det vil vere bra for miljøet, lokalmiljøet og omdømet til den lokale cruiseaktiviteten.

Vi treng rett og slett at næringa viser magemål og utviklar næringa så berekraftig som mogleg, og vere på lag med både miljø og lokalbefolkning.

Torstein Tvinnereim

gruppeleiar Stryn Venstre