Vi treng å trykke på pause, kanskje til og med spole litt tilbake.

Det skal over ein halv million cruiseturistar innom Stryn i løpet av sommaren. Det er mykje. Vi i Stryn Venstre meiner at smertegrensa er nådd. Kvifor?

1. Fordi det store talet cruisesturistar har miljømessige konsekvensar. Både lokalt og totalt.

2. Fordi lokalbefolkninga som ikkje tener på cruise også må takast vare på. 3. Fordi anna type turisme blir skadelidande.

4. Fordi koordinering av cruiseturistane frå dei ulike hamnene ikkje er god nok 5. Fordi infrastrukturen treng utviklast om ein skal ta inn så store mengder, særleg i Olden sentrum.

I år vil det kome over 400.000 cruiseturistar til Loen og Olden. Når store deler av turistane som kjem med cruise til Eid skal innover fjorden, i tillegg til dei som kjem med buss frå Geiranger, Hellesylt og Måløy, blir det for mykje.

Auken har vore stor siste åra. Toppåret 2018 hadde 190.000 cruiseturistar til Olden. At ein to-tre driftsår seinare har meir enn fordobla, gjev mange utfordringar. Særleg sidan det også på Nordfjordeid har skjedd ein stor vekst.

Så kva vil Stryn Venstre? 1. Avgrense antall totalt, per dag og fordele utover sesongen.

2. Setje krav til skipa både med tanke på forureining og i forhold til at dei skal bruke lokale tilbydarar på land.

3. Jobbe for ei betre koordinering med dei andre cruisedestinasjonane. Det hjelper lite å ta ned på trafikken i Loen/Olden, om dei same skipa kjem til Nordfjordeid og passasjerane blir bussa innover i fjorden. 4. Legge til rette for betre infrastruktur på land, og spreie turistane på fleire destinasjonar i Stryn.

5. Opprette ein lokal koordinator for cruisetrafikken som har kontakt og møter med næring og lokalbefolkning.

Er det å pause? Ja, det er å stoppe opp, vurdere totalen og finne eit cruisetrøkk som dei fleste kan leve godt med, samstundes som ein tek vare på dei som er lever av cruiseturisme i lokalsamfunnet vårt.

Torstein Tvinnereim og Janne Alsaker, ordførarkandidat og 2. kandidat Stryn Venstre