Fylkesveg 60 i Hornindal:

Eg er heilt enig med redaktøren i denne saka.

Å byggje veg langs eksisterande trase er etter mitt syn galskap når ein kan byggje vegen frå Tomasgard og knapt nok bruke dyrka mark. Det må vere rett. Eg er sikker på at dette må vere langt rimelegare enn planane til Rambøl. Skal ein byggje der som vegen går no, vil anleggsperioden ta mykje lenger tid når ein skal ta hensyn til trafikk og vegstengingar. I tillegg kjem ulempene for trafikken, ikkje minst turbusstrafikken frå april til oktober.

Brukar ein traseen på andre sida av dalen kan entreprenørane arbeide uhindra og dermed bruke langt mindre tid, kanskje halvparten av tida.

Vilhelm Sunde

V Sunde Transport AS