Koronapandemien og krigen i Ukraina er nokre hendingar som har synt kor viktig det er å auka sjølvforsyningsgraden på mat i Noreg. Nedbygginga av matjorda i Noreg, som har gått føre seg lenge, står i motsetnad til dette målet. I dag er det under halvparten av maten som vi et i Noreg som er produsert i dette landet. Det blir stadig færre bønder i Noreg. Vi må få snudd denne utviklinga.

Små- og mellomstore bruk er ein sentral del av det norske landbruket. Norsk geografi gjer at det fleire stader er utfordrande å drive med matproduksjon. Desse utfordringane er ein grunn til at den offentlege stønaden til landbruket må aukast. På Stortinget har Raudt mellom anna komme med framlegg om å fjerne momsen på norskprodusert frukt og grønt.

Det er vidare nødvendig med ei auka ramme for jordbruksoppgjeret. Raudt meiner at vi må auke den norske matproduksjonen og graden av sjølvforsyning med grunnlag i eigne arealressursar. Det bør gjerast endringar slik at utanlandske grønsaker og frukt ikkje vert importert når tilsvarande norske grønsaker og frukt er i sesong. Raudt går vidare inn for å etablere eit eige lausdriftstilskot for å sikre at alle bønder med båsfjøs har økonomisk moglegheit til overgangen til kravet om lausdrift i 2034.

Raudt Stryn går inn for å innføre eit fritak frå den kommunale eigedomsskatten for bygg ved gardsbruk frå tidlegare tider som ikkje lenger har økonomisk avkastning, som stølshus, stabbur, naust og liknande. Raudt Stryn meiner at det er viktig å verne matjorda i kommunen. Det er vidare ønskeleg at kommunen arbeidar for å kjøpe inn så mykje kortreiste mat- og drikkevarer som mogleg.

Anders Hamre Sveen

leiar av Raudt Stryn