Raudt Stryn meiner framleis at Stryn kommune i neste kommunestyreperiode må gjere alt det som gjerast kan for at mest mogleg av Tonningskamben vert bevart som eit rekreasjonsområde med moglegheit til turgåing i eit skogsmiljø.

Når kommunen er i ei forhandlingssituasjon med private har kommunen òg myndigheit til å stille krav gjennom vilkår kodifisert i Plan- og bygningsloven. I Plan- og bygningsloven § 3-1 blir det slått fast at planlegging etter denne loven skal «sikre (....) kvaliteter i landskapet», «legge til rette for (...) gode bomiljøer og gode oppvekst- og levekår i alle deler av landet» samt «fremme befolkningens helse».

Turområdet på Tonningskamben er utvilsamt mykje i bruk, mellom anna av Tonning skule, sentrumsbarnehagane og turgåarar som er busette i nærleiken av dette området. Dette er ein kvalitet med landskapet, dette er med på å sikre gode oppvekst- og levekår og det er òg med på å fremje folkehelse.

Når skaden no dessverre har skjedd, bør kommunestyret som skal sitje dei neste fire åra snarast mogleg etter valet finne ut kva for myndigheit og verktøy dei faktisk har til å freiste å berge mest mogleg av tur- og skogsmiljøet på Tonningskamben. Det bør òg vurderast å ta av disposisjonsfondet for å finansiere at kommunen sjølv kan kjøpe opp delar av dette turområdet.

Anders Hamre Sveen

leiar av Raudt Stryn

Anders Hamre Sveen, Raudt Stryn. Foto: Gunnhild Sindre