Frå hausten av må elevar som vil ta dans- og drama opplæring i Vestland fylkeskommune, reise til Bergen. Det blir konsekvensen dersom fylkesdirektøren for opplæring får politikarane med på å ikkje vidareføre dagens tilbod ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Vi som har skrive under dette oppropet, vil på det sterkaste ta avstand frå ei dramatisk nedbygging av kulturfaga i distrikts-Vestland.

Vi treng dagens tilbod på Firda vgs for å rekruttere nye talent til kultursektoren og gje dagens unge eit kreativt opplæringstilbod. Utdanningsprogrammet i musikk, dans og drama på Sandane har vore ei stor inspirasjonskjelde for kulturlivet i Sogn og Fjordane. Det faglege nivået har vore høgt, elevane har utfolda seg i store oppsettingar på skulen og i samarbeidsprosjekt med til dømes Opera Nordfjord, Teater Vestland, Teaterfestivalen i Fjaler og mange andre viktige kulturaktørar i fylket. Vi ser også at mange av elevane frå Firda gjer karriere i det profesjonelle kulturlivet både i eige fylke og på riksscener rundt i landet. Å ta vekk dans- og dramatilbodet på Firda slik fylkesdirektøren no gjer framlegg om, kjennest som eit knyttneveslag både mot kulturlivet og skaparkrafta i fylket vårt.

Vi er klar over at søkartalet til dans- og drama opplæringa på Firda vgs er relativt låg det komande skuleåret. Vi vil likevel be om at tilbodet vert starta. Tilbodet på Firda er det einaste dans/drama tilbodet i distriktsdelen av Vestland. Vi veit at tilboda i Bergen er fylt opp med andre ungdommar.

Dersom ein skal kunne ha breidde i opplæringstilbodet, og oppretthalde eit sterkt kompetansemiljø, må ein tole at det nokre år er noko lavare elevtal i enkelte grupper.

Det vil vere eit stort tap for kulturarbeidet i regionen vår om dans/drama tilbodet ved Firda vgs ikkje kjem i gang komande skuleår. Vi vil på det sterkaste tilrå at tilbodet kjem med i det endelege oppsettet slik at dei unge kan få oppfylt draumen sin om å stå på scena og skape rike kulturopplevingar for folk flest i bygd og by.

Nikolai Storevik, dagleg leiar Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Elisabeth Bustos, dagleg leiar Dans uten grenser

Liv Basberg, leiar Bergen Dansesenter - kompetansesenter for dans i Vestland

Torkil Sandsund, Teaterfestivalen i Fjaler

Kristin Geiring, rådgjevar Kulturskulerådet

Kjetil Høgseth Felde, styreleiar Kulturskulerådet

Ola Tennes, festivalsjef Gloppen Musikkfest

Hanne Oftedal, styreleiar Gloppen Musikkfest

Ann Karin Ose, festivalsjef Ose Kammerspel

Hallvar Helgheim, leiar Jølster Jazzklubb

Vegar Sårheim, leiar Norsk Countrytreff

Remi Tystad, Glopperock

Hans Andenæs, leiar Fjordblues

Kari Standal Pavelich, operasjef Opera Nordfjord

Sølvi Lien, direktør Førdefestivalen

Jon Are Steen, Høgskulen i Volda, avd. for kulturfag

Sigurd Kvikne, Balejazz

Randi Rolvsjord, Griegakademiet

Kristin Sandal, OnCue Music Production

Stig Kamonen, OnCue Music Production

Ola Tarjei Kroken, dagleg leiar Trivselshagen - kultur

John Rune Ødven, rektor Gloppen kulturskule

Ingrid Schei Stuhaug, rektor Stryn kulturskule

Trude Skarvatun, rektor Sunnfjord kulturskule

Benedikte Dæmring, rektor Stad kulturskule

Arne Sunnarvik, rektor Kinn kulturskule

Roar Sandnes, rektor Sogn kulturskule

Mats Systaddal, rektor Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler

Sigyn Øren, rektor Årdal kulturskule

Katrine Clausen Fredheim, rektor Aurland kulturskule

Jorunn Reina, leiar Danseverkstedet i Førde

Cecilie Grydeland Lundsholt, teatersjef Teater Vestland

Aud Marie Aasen, direktør Teater Vestland

Olaf Mackenzie, direktør Bergen Nasjonale Opera

Eivind Gullberg Jensen, Bergen Nasjonale Opera