Cash is king slo Sonja Øvre-Flo fast i kommunestyre 23.11.2023 og varsla at Høgre ville kome med verbalforslag om å kartlegge korleis kommunen vil kome ut økonomisk ved skifte av pensjonsselskap når budsjettet skulle vedtakast i kommunestyre.

Dette med bakgrunn i at Øygarden kommune fekk frigjeve mykje kapital etter å ha bytta pensjonsselskap frå KLP til Storebrand i 2021/2022. Fagforbundet og Delta var raskt på ballen då dette kom fram og kontakta tillitsvalde i Øygarden for å høyre deira erfaringar. Tilbakemeldingene frå Øygarden var tydelege, dei var ikkje nøgde med Storebrand som pensjonsleverandør. Dårleg kundeservice og vanskeleg å navigere på heimesida var nokre av tilbakemeldingene. Vi vart og oppmoda om å sjekke lovverket då det var usikkert om det framleis var mogleg å frigjere midlar slik som dei fekk i Øygarden.

Samtidig som saka kom opp i Stryn har Kinn kommune gjort ei utgreiing av konsekvensar ved å skifte pensjonsselskap. Dei brukte AON Norway til å utarbeide rapporten. Rapporten frå AON viser at det truleg er lite eller ingenting å vinne på konkurranseutsetting av pensjonsordninga. Det har skjedd ei lovendring som gjer at det ikkje er mogleg å frigjere midlar som i 2021/2022.

Noko anna som og er viktig å merke seg er at pedagogisk personell (lærarar) er organisert gjennom statens pensjonskasse og sjukepleiarar er etter kongelig resolusjon i KLP. Ved bytte av pensjonsselskap ville kommunen måtte handtere 3 ulike pensjonsselskap, noko som ville ført til meirarbeid på ein allereie hardt pressa administrasjon.

Pensjon er viktig for dei tilsette og i ei tid med stadige endringar i regelverket er det viktig å ha eit trygt og solid pensjonsselskap som KLP. Kommunen slit allereie med rekruttering og ei god pensjonsordning er noko av det som gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass. Konkurranseutsetting vil skape mykje uro blant tilsette og gjere det vanskelegare å rekruttere i framtida.

I kommunestyre 12.12.2023 kom det verbalforslag frå Høgre om å utgreie pensjonsordninga i kommunen.

Fagforbundet som er ein av organisasjonane sine representanter i ADMU tok opp problemstillingane rundt byte av pensjonsselskap i møte med formannskapet i forkant av kommunestyre. Der vart det peika på konsekvensane av eit byte og det vart sterkt frarådd å gå vidare med saka.

Heldigvis vann vi fram og fekk fleirtal i kommunestyre for å behalde KLP som pensjonsselskap. Vi ønsker ikkje anbod på kommunal tenestepensjon! KLP er eigd av kommunane og alt overskot kjem kommunane til gode. Kommersielle pensjonsselskap er ute etter å tene pengar som dei kan dele ut til investorer. Forvaltning i eigen regi er best både økonomisk og kvalitetsmessig. Vi må verne om KLP som pensjonsselskap i kommunen!

Lone Frøholm Kvamme

Hovudtillitsvald Fagforbundet avd 12 Stryn