Kommuestyret fekk på siste møte før sommarferien ei orientering frå politiet både regionalt og lokalt. Politiet i Stryn gav til kjenne ei uro over eit aukande misbruk av narkotika, m.a. kokain, blant ungdom her i kommunen. Dette er bekymringsfullt, og krev grep frå mange hald.

«Hjelpe, ikkje straffe» er eit dominerande slagord når ein diskuterer narkotikapolitikk, og det er vanskeleg å vere ueinig i intensjonen om å hjelpe dei som har kome skeivt ut, inn på eit betre spor. Men når verkemiddela skal diskuterast, blir det tydelege politiske skillelinjer. Etter KrF sitt syn er avkriminalisering og legalisering av narkotika alt anna enn hjelp. Vi held fram den kampen og håper det aldri skjer. No har ikkje rusreformen gått så langt som ein frykta, men vi får tydelege meldingar frå politiet om at dei har stadig færre verkemiddel til rådvelde i møte med unge sin narkotikabruk. Ransaking eller tvungen testing er ikkje lenger lovlege verkemiddel for å avdekke mistanke om narkotikabruk. Ved promillekontroll i trafikken har politiet heimel til å ta spyttprøve – utan mistanke. Men dei har ikkje lov til å ta spyttprøve av ungdom ved mistanke om narkotikabruk. Det er eit paradoks.

Når «Hjelpe, ikkje straffe» i praksis betyr at ungdom sjølve må melde seg for å få hjelp, kan det føre til at det går for lang tid før dei innser at dei treng hjelp – og det blir tyngre å kome seg ut av misbruket. Difor vil KrF jobbe for at politiet skal få verktøy til å avdekke rusbruk – og henvise vidare til hjelp – så tidleg som råd.

Kva kan gjerast på kommunalt nivå? KrF jobbar for ei breidde i det rusførebyggande arbeidet blant barn og unge. Eit variert og rusfritt fritidstilbod der alle kan delta, har stor verdi i seg sjølv – og er uunnvereleg som rusførebygging. Dette er det brei politisk semje om, og må prioriterast ytterlegare.

Oppdatert informasjon som grunnlag for bevisstgjering og haldningsdanning er og avgjerande. Her gjer både barnehagar og skular ein stor og målretta innsats, i godt samarbeid med politiet. Foreldre, trenarar, leiarar og andre vaksne må ha kunnskap og rettleiing for å kunne møte problemstillingane med narkotikabruk om dei kjem tett på. Her har vi nok ein god del å gå på.

KrF vil styrke informasjonsarbeidet til foreldre og andre vaksne, slik at flest mogleg kan avdekke narkotikamisbruk og er kjende med konkrete hjelpetiltak – for å kunne vere med å støtte og rettleie unge ut av eit begynnande rusproblem før problemet blir for stort.

Kari Synnøve Muri,

1. kandidat Stryn KrF