Stryn kommune inviterer innbyggarane til å gje sitt syn på turisme og korleis ein ynskjer seg utviklinga på dette området. Dette er eit godt tiltak, som Loen utviklingslag applauderer. Vi ynskjer å kommentere eit viktig spørsmål i granskinga.

Ein «turist» blir i granskinga omtalt som ein person eller ei gruppe «turistar» der alle er like, oppfører seg likt, etterspør dei same tilboda og står for same forbruket. Vårt syn på utviklinga blir kokt ned til om vi ynskjer fleire turistar eller færre turistar.

Ferske personlege erfaringar frå Alta Badia-regionen i Dolomittane, Italia, fortel om ein region som gjennom år har satsa målmedvite på sykkelturistar, og lukkast godt. Som bilist kan det av og til bli «vel meget», men kvar og ein er eit synleg prov på suksess. Vi vil ikkje med dette peike på aktive syklistar som vegen til eit godt liv med turisme i Stryn, men trekkjer det fram som eit døme på at satsing på ei målgruppe kan føre til at vi trekkjer til oss gjester med høgt forbruk, lokal innkvartering, og aktivitet som passar godt med den infrastrukturen vi tilbyr. Dette treng ikkje bety raske og dramatiske omstillingar frå det vi ser i dag, men ei sakte dreiing mot nye målgrupper.

Poenget er at det kan tenkjast at vi ikkje treng å auke talet turistar, men satse målmedvite på nye målgrupper som gir større overrislingseffektar og dermed høg lokal verdiskaping. Ei slik satsing vil måtte få konsekvensar for måten vi bygger infrastruktur på. Dette kjem ikkje fram som alternativ i den kommunale granskinga.

Turisme er svært viktig for Stryn, og mange av tilboda vi har ville aldri vore der utan mange besøkjande. Det gjer Stryn til ein kjekk stad å komme tilbake til for dei som er vaksne opp her, og for nokre blir det aktuelt å flytte tilbake. Alt er faktorar som medverkar til eit godt samfunn å bu i. Difor må vi aldri oversjå kor stor del av Stryn turismen er, men det betyr ikkje at meir alltid er betre. Som ung leiar vart eg fortald at dersom du som kaptein ikkje har kontroll på skuta, tek skuta kontrollen over kapteinen. Vi tolkar granskinga som eit av fleire tiltak for å sikre kontroll på utviklinga.

Jan Heggheim

Loen Utviklingslag