Alle er vi vel einige om at vi vil ha ein positiv kommune. Ein kommune som møter innbyggjarane sine med ei hjelpsam innstilling og som kjem med råd og rettleiing både i omsorg og byggesaker.

Men eit ja til nokon er ofte eit nei for andre. Vi må ha rettningslinjer, reguleringsplanar og rettferdige

prioriteringar. Vi ynskjer riktig og likeverdig behandling, ikkje frislepp slik at alle kan gjere som dei vil. Svært ofte er avslag på saker eit resultat av at dei ikkje følger godkjent regelverk. Kommunen skal vere eit rådgjevande organ som hjelper til i søknadsprosessen til beste for innbyggjarane.

I inneverande periode, under leiing av ordførar Per Kjøllesdal, er mange prosessar starta med tanke på å få eit godt samarbeidsklima i det politiske miljøet, og også mellom politikarar og administrasjon. Samarbeid og tillit er stikkord for å skape eit godt og positivt klima.

Samarbeid slik det har vore i kommunestyret i inneverande periode når det vart einstemmig vedtatt kontinuerleg barnehageopptak og SFO på alle barneskulane våre. Det er litt spesielt at Høgre no i valkampen no lovar noko som allereie er vedtatt i kommunestyret. Det er godt at politiske møte vert kringkasta slik at også spesielt interesserte utanfor kommunestyresalen kan følgje med.

Eg vil også vise til felles uttaler frå Nordfjordrådet om Strynefjellsvegen. Her har ordførar Per Kjøllesdal gjort eit godt stykke arbeid for at Nordfjordkommunane skal stå samla og samarbeide til felles beste.

Gangveg i Olden er eit anna døme på god dialog og samarbeid for å få til avtaler og lande eit «måneprosjekt» som låg der i åtte år med Høgre-ordførar.

Dessverre kan vi ikkje gjere noko med at statsforvaltaren sparka beina under prosjektet rett før start av utbygging.

Eg vil oppmode alle om å bruke stemmeretten sin. Godt val!

Astrid Drageset Raftevold