I førre veke la fylkesadministrasjonen fram sitt framlegg til «heilskapleg plan for tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune». Reaksjonane på framlegget har vore sterke frå mange regionar, lokalsamfunn og skular. Vestland Frp foreslår no å sende saka tilbake til administrasjonen for vidare utgreiing.

Partiet tek ikkje stilling til innhaldet og forslaga i saka på noverande tidspunkt, men har fått svært mange tilbakemeldingar på manglande og feil informasjon i saka.

Vestland Frp meiner at planen som er lagt fram frå administrasjonen bryt med den bestillinga administrasjonen har fått.

Vi meiner dei mest sentrale brota er at:

  • Det skulle utarbeidast fleire alternative tilbodsstrukturar, slik at politikarane hadde reelle valmoglegheiter, og ikkje var låst til eit utgangspunkt. Det er ikkje gjort.

  • Det skulle utarbeidast alternativ utan nedlegging av skular, det er ikkje gjort.

  • Ved fleire skular har ein foreslått å legge ned linjer som har oversøking, altså bryt ein med prinsippet som Frp held høgast, «Elevane sine val».

  • Det er ikkje gode vurderingar på kva konsekvensar forslaga får for lokalt næringsliv sitt kompetansebehov i åra framover.

Når ein sender noko ut på høyring som er så svakt fagleg begrunna, så vert og heile premisset for høyringsprosessen deretter. Eg tenkjer at vår oppgåve som politikarar er å sørge for at det som vert sendt på høyring er godt fagleg fundert, med ulike alternativ som synleggjer ulike konsekvensar. Det er ikkje tilfellet med saka slik den ligg no.

Partiet har og merka seg at det frå Nordfjord har kome sterke reaksjonar på at ein tilsett som vart fjerna frå stillinga si som rektor på den eine skulen etter fleire varslingssaker, har vore sentral i arbeidsgruppa som har jobba fram planen som kraftig reduserer tilbodet på den same skulen.

Det er viktig at skular, næringsliv, kommunar og elevar kan ha tillit til at det er upartiske og faglege vurderingar som ligg til grunn for dei forslaga som vert lagt fram. Difor meiner vi at avdelingsdirektøren må særleg vurdere dei faglege grunngjevinga for at ein skule som i dag er den største skulen, med dei høgaste søkartala i Nordfjord, skal reduserast til å bli den minste.

Vestland Frp fremmer følgande framlegg:

  1. Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ytterlegare utgreiing.

  2. Før saka vert sendt på høyring skal administrasjonen: Utarbeide ulike alternativ for tilbodsstrukturen i Vestland som fastsett i bestillinga frå Fylkesutvalet.

Synleggjere alternativ for tilbodsstruktur utan nedlegging eller samanslåing av skular, og konsekvensar av dette.

Grunngje dei faglege vurderingane ved å redusere elevplassar på skular som har langt høgare søkartal en foreslåtte elevplassar.

For å sikre høgast mogleg tillit til prosessen, så skal avdelingsdirektøren gjere ei særskilt fagleg vurdering av foreslått tilbodsstruktur for inntaksområde Nordfjord. Fylkesdirektøren skal og vurdere om det er lagt til grunn andre premiss og faglege vurderingar for dette inntaksområdet frå enkeltmedlemmar av arbeidsgruppa.

Gjere ei vurdering av skulane sine tilbod opp imot lokalt og regionalt næringsliv sitt kompetansebehov, og korleis endringane vil påverke næringslivet sitt rekrutterings- og vekstpotensiale.

Fagleg vurdere korleis nedlegging av TAF/YSK linjene vil påverke fullføring av vidaregåande opplæring, samt næringslivet og kommunane sine kompetansebehov.

Stig Abrahamsen

Fraksjonsleiar for Opplæring og kompetanse, Vestland Frp