Tanken om å byggje ei bru mellom Lote og Anda som avløysing for ferjene som i dag kryssar fjorden, har allereie kosta mange millionar kroner til planlegging og konsulentar. I all informasjon vi har fått gjennom åra, er brua framstilt som eit eineståande prosjekt der alle faktorar har positive forteikn.

Ei hending tysdag 20. februar bør vere ein tankevekkjar. Då kom turistskipet «Mein Schiff 3» inn Eidsfjorden for å leggje til kai på Nordfjordeid. Kapteinen gjorde fleire forsøk, men på grunn av vind, måtte han gje opp og leggje skipet ute på fjorden.

Denne erfaringa må vi ta med innover fjorden til Lote–Anda der Nordfjordbrua er skissert, og der det er forslag om å sprengje ein skipskanal gjennom Andatangen som er stor nok til turistskip som skal vidare inn til Olden/Loen.

Dei gamle på garden heime på Lotsberg hadde fjorden som einaste veg når noko skulle utrettast, og dei fortalde fleire gonger om turar rundt Andatangen. Her kunne dei møte straum og vind så sterk at det kunne stå om livet, og det kun-ne skifte så fort at det ikkje var tid til å førebu seg. I nyare tid har mange fått oppleve turbulensen rundt flyplassen når dei skal ut og reise, og på sjøen har vi sett at ferjene strevar for å leggje til kai i Anda. Det er derfor utenkjeleg at reiarlag og turoperatørar vil risikere at skip med tusenvis av passasjerar må leggje seg til ute på fjorden og kanskje vente lenge før veret roar seg og dei kjem seg vidare.

Høgda på dei største turistskipa kan vere over 65 meter. Brua over skipskanalen må dermed hevast i god tid før eit turistskip kan passere, og dette vil ta tid. I sommarhalvåret gjev det minst to daglege stengingar av Nordfjordbrua og ekstra ventetid for trafikantane. Det er derfor fleire grunnar til at forslaget om denne kanalen burde vore stogga før den kom til teiknebrettet.

Denne artikkelen er skriven i samarbeid med ingeniørar med livslang erfaring frå norske veg- og bruprosjekt. Ein av dei har teke del i planlegging av Bjørnefjordbrua, ei flytebru som skal koste 20–30 milliardar kroner. Ved å bruke kjende tal frå liknande prosjekt, kjem vi fram til at Nordfjordbrua slik den er skissert, ikkje kan byggjast under 10 milliardar, truleg blir det ein god del meir.

Anleggstida vil bli minst tre år. Det er eit spørsmål korleis trafikken over sambandet kan haldast i gang når oppstillingsplassen for bilar i Anda vert sprengd bort. Dette vil kome til å gå ut over tryggleiken til dei reisande og medføre ekstra kostnader.

Argumenta om at dette er eit samfunnsøkonomisk godt tiltak, er derfor misvisande og byggjer på tal som ikkje held mål.

Mange har ei blind tiltru til at konsulentar har nødvendig kompetanse og kunnskap som trengst for å greie ut om alle vanskelege spørsmål. Dette er ikkje tilfelle. Når vi les Norconsult sin rapport «Nordfjordbrua - trafikkanalyse og finansieringspotensial» datert 14/5 – 2018, ser vi at dei to viktigaste punkta om kostnad og trafikkgrunnlag ikkje er dokumenterte. Det kan sjå ut som tala er tilpassa slik at prosjektet skal framstå som samfunnsøkonomisk lønsamt.

Vi opplever at det er større belastningar på urørd natur enn nokon gong tidlegare. Prosjektet med å sprengje bort Andatangen og plassere flytebru, vil bli det største naturinngrepet vi har sett og for alltid slette enda ei naturperle frå kartet.

Frå Strynefjellet og utover til vi møter storhavet, byr Nordfjorden på eventyrlege naturopplevingar. Stadig fleire turistar kjem langvegs frå for å oppleve dette. Det gjev arbeid til mange og aktivitet med betydelege skatteinntekter. Det er ei aukande forståing om at det trengst tilflytting av folk i arbeidsfør alder dersom kommunane i distrikta skal fungere i framtida. Dei lettaste å overtale til dette er truleg den store gruppa som har fått nok av kav og mas i storbyen og som drøymer om å kunne vakne opp om morgonen og finne urørd natur ut for døra.

Naturen er det mest verdfulle som Nordfjordingane kan gje vidare til nye generasjonar. Derfor har vi alle eit stort ansvar for å ta vare på denne arven.

P.S.. Denne artikkelen er skriven med håp om at det kan føre til ein diskusjon om realiteten i prosjektet før nye millionar av skattekroner renn ut.

Ragnar Lotsberg med fleire