Dei som har besøkt Kamben i det siste, veit korleis der ser ut, - så inntil vidare er det eit «farvel».

Rett nok er det lova at det skal opparbeidast gangstiar til erstatning for det som går tapt, men det vil nok gå årevis før det er slutt på graving, sprenging og byggeaktivitet.

Truleg vil det ikkje lenger vere muleg å «søke skogens ro», høyre humlesurr i blåbærlyngen og fuglekvitter. Og om det vert nye «stiar» - kor langt frå husnovene til dei som bur der, vil vi då kome.

I mange samanhengar der det vert gjort inngrep som fører til «tap», vert det gjennomført «avbøtande tiltak». NOKON, og eg skriv «nokon» for eg veit ikkje kven det skal vere, bør snarast kome opp med alternative turvegar som erstattar det vi har hatt.

- Det viktigaste blir å sikre ei kraftig oppgradering av stien frå Setrevegen forbi Grønsøyla og til dagsturhytta slik at ein slepp å vade i myr store deler av året. Kanskje burde det vere eit mål at det skal vere råd å trille barnevogn heilt fram til hytta?

- Får vi det, er turløypene mange, både nedover til Sandbakken og oppover til Hydla (over Hynnjelsbrua) eller til svingen nedanfor skisenteret.

- Då vil desse turalternativa vere lett å kome til frå det som måtte bli att av skogsstiar i Kamben (frå Fantehamrane og Langårdsmyra).

- Det må lagast gangveg langs Setrevegen frå skisenteret til Hogane. Der ligg det klart for å jamne og gruse, ev legge flisløype på toppen av vassleidninga. I tillegg kan dette bli eit godt trafikalt tiltak for mjuke trafikantar langs ein veg som stadig har aukande trafikk.

- Det må bli opparbeidd gratis parkering på strategiske plassar der turløyper startar (ikkje berre nede på Utstillingsplassen).

Dersom «nokon» klarer å gjennomføre dette, sikrar vi til ei viss grad erstatning for turane i Kamben.

Då manglar det berre at Hydlastova kan servere meg kaffi og kanelsnurr når eg tek ein spasertur i området.

Folkehelsa treng at «nokon» ser på dette.

Jarle Hessevik