Underteikna vart invitert av administrasjonen til å halde eit innlegg på kommunestøyremøtet 7.mai, i samband med ny samfunnsplan. Dette leserbrevet er manus til tala.

Kjære politikarar, kjære kommuneadministrasjon!

Eg er oppvokst på Sætren, ei lita grend med 10 hus på nordsida av fjorden. På Stryn vidaregåande skule møtte eg han som skulle bli min ektemann. Vi studerte i Oslo, stifta familie og fekk to barn.  Etter 10 år i Oslo/Bærum ville vi flytte heim til Nordfjord. Det var eit bevisst val, vel vitande om at vi gjekk mot straumen. Levande overbeviste om at bygda var den beste staden å oppdra borna våre, lage eit godt familieliv og eit godt liv generelt.

Sjølv om vi begge er frå Stryn hadde vi tenkt at Sandane var ein fin plass å etablere seg. Liksom starte med blanke ark, lage vårt eige. Bjørn Aage skulle pendle til heimbygda Innvik på jobb. Eit ledig hus i Innvik gjorde at vi gjekk på visning, kjøpte og vart verande. Tilfeldigheitene gjorde det til at Stryn kommune fekk 4- etter kvart 5 nye innbyggjarar- fordi der var eit hus.

Eg vurderte å gå med stillettsko i dag. Ganske fine og fjonge. Eller ser fine og fjonge ut. Men så kom eg til å tenke på at dei ikkje akkurat er så gode å gå med. Dei fordelar ikkje vekta heilt godt. Alt sig liksom fram mot storetåa, som blir ganske så skvisa. Blodsirkulasjonen blir ganske dårleg. Eg klarar ikkje å gå særleg langt i dei heller. Difor bestemte eg meg for jjoggesko. Her snakkar vi samarbeid. Alle tærne og helen. God fordeling av vekt på heile foten. Eg kan gå lenger.

Dette er mi hjartesak. Kva kommune vil vi ha? Stilettsko? Det er kommunen vår med planen frå 2013. Stryn sentrum framme i tåa. Her har ein lete tyngdekrafta virke - til og med gitt den hjelp. Det fører til sprengt kapasitet i sentrum og nedleggingstrua tilbod i bygdene. Slik kan tettstadane bli ein akilleshel. Vi treng fleire tyngdepunkt i kommunen enn Stryn sentrum.

I Innnvik ser vi at planen frå 2013 har hatt negativ innvirkning på vår bygd. I den gamle planen står det eksplitsitt at nye bustadfelt skal prioriterast i aksen Loen-Stryn. Dette har ført til at vi har mista mange familiar som har hatt eit uttrykt ynskje om å bu i Innvik. Dette er eg redd gjeld fleire bygdelag. Ein av styrkane ved vår kommune er sterke tettstadar med arbeidsplassar. Vi må stryke og utvikle desse. Det er hovudbudskapet mitt i dag.

Alle i Stryn kommune kjenner på sentraliseringskreftene. Vi har valt å bu «usentralt», i ein liten kommune- og vi må kjempe for tilboda våre. Akkurat no- den vidaregåande skulen vår som er sentral for livsgrunnlaget i kommunen. Dette er kommunen vår sin kamp for å ikkje bli akilleshelen i Nordfjord.

I 14 år har eg vore lærar på Vikane skule. Eg meiner sjølv eg jobbar på verdas beste skule,  Lærarane kan namnet på alle elevane og  det er «våre» elevar. Det er oversikteleg og trygt.  Skuleforskning viser at ein av dei viktigaste faktorane for trivsel og læring er relasjonen mellom lærar og elev – og eg er glad for at eg jobbar på ein skule det er mogeleg å ha oversikt og ein slags relasjon til alle elevane. Det rører noko ekstra ved oss menneske når vi har ein relasjon til dei rundt oss.

Det er fortvilande å sjå at barnefamiliar må flytte frå bygda i mangel på bustad/tomter. Slik eg ser det har vi både plass og behov for desse elevane. Verdens beste skule kunne blitt endå betre med dei. Omvend vil eit synkande elevtal vere krevjande både for kommunen og skulen. No må vi gripe mogelegheitene og rigge oss for framtida. De politikarar har ein sjanse til å motvirke tyngdekrafta og oppretthalde fleire tyngdepunkt i kommunen.

Då vi flytta hit for 14 år sidan var det allereie stort engasjement  for å få på plass tomter i bygda. 14 år har gått utan at noko har skjedd. Då er det heilt uforståeleg og faktisk ganske provoserande å sjå at ein i sentrale deler av kommunen byggjer ut kapasitet i førekant medan vi ikkje ein gong får ferdig ein kommunedelplan. Då blir utviklinga deretter.

Det held ikkje at ein skal vere positive til å frådele bustadtomter. Vi er heilt avhenginge av å ha bustadfelt i tettstadane i kommunen. Det kan ikkje vere slik at ein må vere frå ein gard eller kjenne ein grunneigar for å kunne frådele ei tomt. Det gode livet på bygda skal vere for alle! Tomter i Innvik er ikkje ein utgiftspost for kommunen. Det er investering for langsiktig inntekter og livsgrunnlag.

14 år har vi budd i Innvik. Eg ser korleis bygdefolket stiller opp for husa våre, lag og organisasjonar og kvarandre. Det handlar om relasjonar og tilknyting. Det å bu i ei bygd mobiliserer så enormt med menneskeleg kapital. Vi ser det i heile kommuen vår: Mange er engasjerte for å kunne halde fram å bu i ei levande bygd. (Det var 14 % frammøtte på bygdemøte i Innvik, tilsvarar 350 personar i Stryn). Alle desse som stiller på og yt for fellesskapet bidreg til livslglede og folkehelse. Og dette langt ut over det ein kan forvente at ein kommune skal kunne drifte med sine midlar. Difor må vi sjå på alle desse ulike bydelaga som små energiboostar i kommunen vår. Vi må tenkje på dei og snakke om dei som ein ressurs! Vi må tore å satse også ute i bygdene. Byggje sterke tettstadar med gode tilbod.

Mitt møte med dugnadsånda i Innvik har gjort meg imponert. Folk stiller med tid, maskiner og materiell. Det viktigaste er å få ting til å skje.  Det er svært viktig at kommunen anerkjenner og verdset dugnadsarbeid. Og det er rimeleg å forvente at ein likebehandlar alle delar av kommunen med tanke på kva som er offentlege oppgåver og kva som er dugnad.

Eg vil skryte av prosessen hittil. De har teke alle innbyggjarane på alvor og invitert til innspel. No gjenstår prosessen med å samle alt.

Til dokke politikarane:

  • Eg forventar at de lagar eit samfunnsplan der innbygjarane kjenner att stemmene sine.

  • Ein plan som tek hensyn til at 2 av 3 bur utanfor Stryn sentrum.

  • Ein plan der sentraliseringskreftene blir utfordra.

  • Ein plan som gjer det mogeleg og framtidsretta å bu i dei ulike bygdelaga.

  • Det er ein grunn til at så mange møtte i mi heimbygd. Det er eit uttrykk for stort engasjement, men også for at skoen trykker.

  • Eg håpar de lagar ein plan som motiverar til å tenkje VI- VI skal skape framtida ilag!

Om 10 år håpar eg at eg bur i ein kommune med flate sko. God fordeling av byrder og ressursar. Der vekta er jamt fordelt og vi kan gå langt. Der innbyggjarane i alle bygdelag med stolt og rak  rygg kan seie: – Eg bur i Stryn!

Sølvi Håøy Nygård