Dersom det er riktig det som står i artikkelen, er dette ein sorgens dag for rv 15 Strynefjellet.

Kommunalminister seier arbeidet skal ta til i siste 6 års perioden av NTP, dvs i perioden 2030-2036, -det betyr i så fall at dette prosjektet i realiteten er ute av NTP, som alle veit er dei 6 fyrste åra, som reelt kan startast opp og får løyvingar i Statsbudsjettet.

NTP er berre ein plan og ei Stortingsmelding og som verken finansierer eller løyver ei einaste kr til noko prosjekt.

Ser at det i fleire artikler blir skrevet «fullfinansiering» og det eg sjølvsagt betre tull, ingen ting i planen som er «fullfinansiert» dette skjer i Statsbudsjetta årleg og etter at anboda har kome inn på prosjekta som like sjølvsagt er betydeleg høgare enn det som ligger i planen.

Når rv 15 Strynefjellet ser ut til å ligge i siste 6 års perioden av NTP, betyr dette at 5,9 milliardar sjølvsagt ikkje er nok, og prosjektet vil lide same skjebnen som Stad skipstunnelen ang kostnadar som fyker til himmels pga seindrektigheit av regjeringa.

Dagens gjeldande NTP har med eit stort fleirtal sagt at rv 15 Strynefjellet skulle starte anleggsstart i perioden 2021-2027, no blir dette utsatt til perioden 2030-2036, dersom Erling Sande er rett sitert.

Då forstår eg kvifor Erling Sande, Geir Inge Lien og co stemte imot vårt forslag i Stortinget sist år om å stå ved lag kravet om oppstart av rv 15 Strynefjellet i perioden 2021-2027, dette vart støtta av FrP, Høgre og Venstre, resten stemte imot.

Vi får sjå kva som endeleg står i framlegget til NTP på fredag, så får vi sjå kva vi får til i forhandlingane om saka i Transportkomiteen og på Stortinget seinare i vår, siste ordet i denne saka er nok ikkje sagt.

Frank Sve