I desse dagar pågår landbruksforhandlingane for fullt og det er mykje som står på spel. De tek nok for gitt at bonden i bygda har starta gjødselspreiinga på markane, at de snart kan bli underhalde av vårslepp og små lam på beite, åkrar vert pløygde og kyr slepp ut.

Vit at dette er sårbart. Snittalderen på oss er høg og få unge vågar å satse.

Regionen vår er djupe fjordar, bratte lier, værbitte bøar og enn så lenge frodige markar. Vi veit vi sit på store verdiar som berekraftig vil sikre matproduksjon i generasjonar. Dersom vi skal nå måla i landbrukspolitikken og bygge beredskapsevna innan matproduksjon må det takast grep no.

I dag er vi om lag 40 % sjølvforsynt på mat, men er heldig som får importerer 60 % av vårt daglege behov. Kan vi stole på at dette held seg slik i eit endra verdsbilde?

Det er no kampen om eit berekraftig landbruk står og etterkomarane vil dømme oss om styresmaktene gav opp føresetnadane for å sikre framtidige generasjonar trygg og sikker mat.

Vi har klare forventningar til at norsk matvareproduksjon skal få føreseielege driftsvilkår og slik skal vi sikre beredskapen på mat. Det føreset at:

– Inntektsgapet må tettast slik at den komande yrkesaktive generasjonen kan sjå på landbruket som ein trygg og føreseieleg leveveg. Å forvente at ein gardbrukar skal arbeide langt meir enn andre yrkesaktive for å kunne kalle eit årsverk eit årsverk kan vi ikkje akseptere.

– Det bli lønsamt å drive med mjølk, og naudsynte investeringar må kunne forsvarast økonomisk. Norsk mjølk er ei viktig kjelde til dei mest viktige byggestoffa i eit godt kosthald. Kvar gong eit mjølkebruk vert lagt ned, forvitrar føresetnadane for å oppretthalde ein berekraftig mjølkeproduksjon. Det er dei mindre mjølkebruka som tradisjonelt har dominert regionen vår, og det brenn ei raudt lys for å vareta denne delen av næringa vår.

– Verdien av jorda bli talfesta. Å drive landbruk handlar om å forvalte jord, og gjennom tid og kapital som vert nytta til forbetring og optimalisering vert verdien av areala forsterka. Naturen og geografien har gitt oss dei beste føresetnadane for å drive grasproduksjon og det er slik vi berekraftig omsette lokale ressursar til matvarer. Generasjonar har bygd opp dei jordressursane vi dagleg forvaltar, men det vil berre vere snakk om få år før det er gjengrodd. Det vil krevje ei ny istid for å gjenskape den jordkvaliteten vi har i dag, men ein knapp generasjon vil kunne øydelegge den.

– For å halde distrikta hevd, må det vere eit driftsgrunnlag for produksjon som er knytt til dei faktiske naturressursane. Regionale, uomsettelege kvotar på egg-, kjøt- og mjølkeproduksjon vil også bidra til å oppretthalde levande bygder.

– Velferdsordningane må sikre at også bønder kan vere individ med god helse, familieliv og fritid. Det må vere anstendige ordningar som gjer det mogleg å arbeide seg igjennom utfordringar som kan oppstå, utan enorme økonomiske belastningar på allereie økonomisk sårbare hushaldningar. Det må vere mogeleg å utløyse tilskot ved sjukdom eller fødsel utan å søke om dispensasjon om ein eller begge har næringsinntekt frå garden.

– Ein sunn økonomi som ikkje spenner beina under HMS. Bønder er allereie ei særleg utsett gruppe yrkesaktive, og jo trongare økonomiske rammer, høgare krav til effektivisering – jo meir utfordrande er det å vareta HMS-omsyn. Bonde-yrket er ei av dei yrka som er mest utsett for ulykke, og vi har ingen fleire å miste.

Tilskota i landbruket er i realiteten tilskot for at de som forbrukarar skal få rimelege matvarer i butikkane – og det er overflødig å fortelje dykk at det ikkje er vi som sit igjen med inntektsvekst når prisane i butikkane aukar.

Vi kan ikkje leve av å drive dugnad.

Vel bekomme;

Ivar Børge Seljeset, Hornindal Bondelag

Hege Eline Slåttelid, Austefjord og Bjørke Bondelag

Leif Arne Fivelstad, Sunnylven og Stranda Bondelag

Karianne Ellefsen Skotte, Sykkylven Bondelag

Ane Malene Søvik Nygård, Vanylven og Sande Bondelag

Svein Ulrik Brubakk, Vestre Sunnmøre Bondelag

Erlend Koppen, Volda og Dalsfjord Bondelag

Lars Olav Vanberg, Ørsta Bondelag