Ingen skal stå utanfor i Stryn!

Vi i Stryn Høgre er opptekne av inkludering. Ikkje berre av nokre få, men av alle. Vi ynskjer mangfald, både for store og små. Den organiserte idretten har mange veletablerte arenaer og flinke, engasjerte folk. Og Stryn Høgre vil sjølvsagt fortsetje med å støtte lokale idrettslag og organisasjonar. Men for dei som ikkje finner seg til rette innafor den organiserte idretten, eller har økonomiske midlar til slik aktivitet, er det svært få tilbod. Dette vil Stryn Høgre gjere noko med!

Finansiering av ein fritidskoordinator, som kan vere eit mellomledd mellom det private næringslivet og kommunen, synest Stryn Høgre er ein god ide. Denne koordinatoren vil jobbe aktivt for at nye tilbod til unge vert kartlagd og gjennomført. Døme på slike aktivitetar kan vere ny skatepark/aktivitetspark, utbygging av motocrossbane, basketballbane, ungdomslokale, og liknande. På tvers av alder. Med andre ord område der unge kan vere sosiale og fysisk aktive saman, utan at det skal koste for mykje og utan at dei må vere der til bestemte tider. Dette er ei god investering for ungdommen vår i ei tid kor dei unge slit både med psykisk - og fysisk helse.

Stryn er også eit populært reisemål for mange, både frå inn- og utland. Slike fritidsområde vil derfor ha verdi også for turistane som kjem hit på besøk. Dette vil gagne turistnæringa og sette Stryn på kartet som ei aktiv og spennande bygd!

Ungdom treng ein stad å samlast på, og dei er det ikkje så mange av. Difor ynskjer Stryn Høgre å legge til rette for at prisnivået for leige av kommunale bygg ikkje vert for høge. Økonomi skal ikkje vere eit hinder for barn og unge til å kunne delta i aktivitetar i kommunen vår! Difor vil Stryn Høgre jobbe aktivt for å etablere den såkalla HUXE-en. Dette vil i første omgang bli ein samlingsstad for lokal industri og næringsliv, men her planleggast også for at ungdom kan komme hit og utvikle sine kreative evner i form av musikk, radio- og livestudio, kunstrom med VR-måling, og mykje meir.

Ungdom i møte med næringsliv, industri, opplæring og bibliotek, kan og vil inspirere dei til framtidige yrke. Og kanskje få dei til å flytte heim når den tid kjem?

Ungdomen er framtida vår! Lat oss syte for at dei har det godt og trivast i Stryn!

Stryn Høgre

Ingrid Maurset (5. kandidat) og Mathias Loen (11. kandidat)