Før valet tidlegare i år lova alle parti å fikse «Norges verste veg» fylkesveg 60 Honndalen. Seinast på eit valmøte om samferdsel og fv 60 på Stranda i april i vår då det var ny debatt om trasé og gjenbruk av eksisterande veg.

I fylkesbudsjettet for 2024 er det berre Senterpartiet som legg inn midlar til planlegging og oppstartsmidlar til fv 60/Honndalen: 3,5 mill. i 2024, 10 mill. i 2025 og 40 mill. i 2026. I forslaget frå fylkeskommunedirektøren og fleirtalet (H, Frp, V, KrF) ligg det NULL i 2026 og berre eit lite beløp i 2025.

Høgre og Frp og resten av fleirtalet utsett mange av investeringane i sitt budsjettforslag, også fv 60. Også Ap stemte for administrasjonen sitt forslag. Små midlar som administrasjonen har prioritert til fv 60 stryk Frp og Høgre. Høgre og Frp følgjer altså dessverre ikkje opp val-lovnadene sine. Slik må næringsliv og alle som bur og køyrer gjennom Honndalen framleis i åresvis slite med ein elendig og farleg veg. Behovet kjenner vil alle. Kvar vart det av vegsatsinga til Høgre og Frp??

Senterpartiet har elles i vårt framlegg lagt inn 90 mill. ekstra til skredsikring, 100 mill. til forsterking/asfalt av fylkesvegar og 60 mill. ekstra til gang- og sykkelveg i komande treårsperiode. Også ei satsing på vidaregåande skule med 26 mill. ekstra, 5 mill. til buss/bestillingstransport og 9 mill. til kommunale næringsfond. Fleirtalet stemte ned dette. Det er lett å prate, tydelegvis er det langt mellom ord og handling!

Per Ivar Lied

gruppeleiar Senterpartiet Fylkestinget