Etter dialog med dei ansatte, synfaring og seinare studering av tidlegare rapportar er vi bekymra over tilhøva i Vikane barnehage.

At det er eit problem med tungtrafikk som nærmaste nabo til barnehagen har vi tenkt på lenge. Støyen dette medfører, både inne og ute, luftforureininga og tanken på at det kan kome eit tungt køyretøy skliande på glatta.

Uteområdet med dårleg asfaltdekke, dårlege gjerde og gravene under glasa kan fort føre til farlege situasjonar. Men at det viser seg at leikeapparata også hadde så graverende avvik som ikkje var følgt opp er uholdbart!

At skulebygget frå 1920 ikkje har god romoppdeling og toalettforhold, med bratte trapper og dårleg luft og støyforhold i over- og underetasjen må ein vel forvente. For utgangspunktet var å bruke hovudetasjen, men for å kunne dele barna opp i mindre grupper blir jo alle etasjane brukt.

Brannrapporten som no føreligg seier at kommunen må framskaffe brannteknisk vurdering av bygget, og at der er funne manglar ved røykdetektering og brannklokker. Det er heller ikkje dokumentasjon på det elektriske anlegget og dårlege rømningsplanar.

Arbeidstilsynet påla kommunen i 2016 å utbetre forhold rundt støy. Pålegget som kosta mest vart henlagt i påvente av avklaring rundt barnehageplassering (Utvik eller Innvik). I ettertid har kommunen ikkje følgt opp tiltaka som må utbetrast i barnehagen (Utvik).

Utfordringane med bygget si rom-inndeling, støy, trapper, etc henger saman med at det ikkje vart bygd som ein barnehage, men som ein skule anno 1920. Når dette gamle bygget no er tatt i bruk som barnehage må tilpasningar gjerast, men det er utfordrande, og det er langt fram til heilhetlege løysningar som gjer bygget egna til dagens rolle. Lista med feil og vedlikehalds-oppgåver kjem til å vekse, og det heile ber no preg av ein slags vedvarande midlertidigheit. Når ein i tillegg har barnehagen liggande i ein sving kor tungtrafikk kjem ned frå Utvikfjellet, er det tydeleg at bygget rett og slett ikkje er passande som barnehage. Vi håpar politikarane ser ansvaret dei har her, og at dei derfor vedtek å bygge ein ny barnehage i Vikane.

Til slutt vil vi seie at personalet i barnehagen gjer ein fantastisk jobb til tross for vanskelege rammevilkår. Det viktigaste for barna sin trivsel i ein barnehage er personalet, og vi håpar at kommunen kan bruke såpass mykje pengar på desse barnehageforholda at personalet fortsatt vil jobbe i Vikane barnehage, no og i framtida!

Mona Presthus og Synnøve Heggdal

foreldre i Vikane barnehage