Foreldre i Utvik og Tistam er glade for at oppvekstutvalet og formannskapet følgde framlegget til kommunedirektøren, og tilrår ny vognstall og å gjere naudsynte opprustingar ved barnehagen i Utvik. Saka skal vidare opp i kommunestyret torsdag 21. mars.

Stryn kommune har foreslått ei rekke utbetringar etter det som har kome fram no i haust. Mange av tiltaka i saka som skal opp i kommunestyret torsdag, er nødvendige utbetringar.

Tiltakslista omfattar mellom anna nytt gjerde, gipsing av tak, lyspunkt ved porten, toalett i andre etasje, stellerom i første etasje og rømmingsvindauge i gymsalen. Med desse utbetringane meiner vi som foreldre at Vikane barnehage blir godt opprusta, og dei tilsette vil få ein betre arbeidskvardag.

Saka den 21.03 er ei sak om vedlikehald og vognstall. Ikkje ny barnehage eller kvar den skal ligge! Vi har tru på at politikarane ynskjer trygge barnehagar i kommunen. Tryggheita for barna er det absolutt viktigaste.

Vi er svært glade for at det no blir ordna opp i merknader som er kome inn frå nokre av foreldra og retta opp i merknader frå ulike tilsyn. Dei fleste tiltaka er nødvendig vedlikehald og desse må uansett gjennomførast. Vognstall blei samrøystes vedteke som verbalpunkt i budsjettet for 2023, der alle parti var einige. Vi bør vel kunne forvente at vedtak står seg lenger enn tre månader i kommunen vår?

Vi har ein god barnehage i Utvik som betener alle tre bygdene, og vi ser at borna våre trivst godt. Det er i dag ganske lik fordeling av barn mellom dei tre bygdene i Vikane. Samla sett er flest born busett i Utvik og Tistam.

Det å ha ein barnehage i Utvik, og skule i Innvik, meiner vi styrker bygdene våre. Vikane skule og barnehage er ikkje lenger eit oppvekstsenter, sidan ein no skal ha eigen styrar i barnehagen. Eigen styrar i barnehagen har vore ønskeleg frå foreldra si side. Vi som foreldre føler det er eit godt samarbeid mellom skulen og barnehagen, sjølv om dei er plasserte i kvar si bygd. Det gode samarbeidet gjer at borna er trygge når dei byrjar på skulen.

Vi som foreldre ser fram til å få retta opp i dei ulike tiltaka som vil gjere barnehagen vår tryggare for barna og gje dei ansatte ein lettare kvardag. Vi stiller oss bak administrasjonen sitt forslag om utbetringar av den eksisterande barnehagen. Vi set vår lit til at politikarane no gjennomfører planane dei har lagt fram for opprusting av barnehagen vår i Utvik.

Føresette frå Utvik og Tistam noverande + komande barnehageår:

Therese Lund Hage, Carl Wilhelm Hage, Marita Heggdal Hauge, Jon Jørgen Tisthamar, Ellen Bruland, Jarle Kloster, Tove Karin Haugen, Kjell Ove Frøyset, Henriette Walaker Blindheim, Rikard Blindheim, Kari- Anne Tisthamar Haveland, Marius Haveland, Veronica Hilde, Fredrik Skrede, Lars Erik Hage, Grete Sandnes Ytre- Eide, Eileen Sunde Haugen, Tord Bruland, Maren Skjellerud, Tor Henrik Hage, Kristine Severine Djupegot Raad, Kristen Hilde Verlo, Linda Dávida, Andrejs Meserjakovs